Bannerbilde som viser noe helserelatert

Norddal Legekontor

Her kan du kontakte oss trygt og enkelt

Bilde som representerer legekontoret

Velkomen til våre nye heimesider.

No kan du nå oss via denne heimesida og via SMS.

Dette vil i tillegg til telefon gjere det enklare å nå oss og vi kan yte endå betre service.

 

Redusert kapasitet blant helsesekretærane

3. januar 2019 kl. 13:49

Frå fredag 04012019 vil det vere redusert bemanning hjå helsesekretærane på desse dagane: mandagar, tysdagar og onsdagar.

Vi ber om forståing for at det kan bli ventetid både i luke, på telefon og på utføring av ulike laboratorieprøvar.

Torsdagar og fredagar er kontoret bemanna med 2 helsesekretærar, då vi er så heldige og fått leige inn helsesekretær Danita Music som jobbar på Stordal legekontor. Det vil og difor bli prioritert å sette opp pasientar for blodprøvetaking på desse dagane.

Oppmodar og om at dykk nyttar HelseRespons for timebestilling og reseptbestilling.Då kontaktar dykk oss vi SMS på fylgjande måte:

1. start tekst medling med "NORDDAL"

2.skriv fødselsdato, navn og eventuelt anna(NB ikkje sensitive opplysningar)

3. send til telefon nummer 2097

Takk for forståing :)

Vikarlege/ div

10. desember 2018 kl. 10:29

Vi ynskjer Mihkel Helemaa og Gunnar E Johnson velkomen til oss.

Mihkel skal vere vikar her ut veke 52, han kjem og til å jobbe her i veke:  2,3, 4,6,7 og 8

I veke 1 vil vi ha lege Gunnar E Johnson tilstades på kontoret, han kjem og tilbake i veke 5 og 9.

"nye" HbA1c-tal (langtidsblodsukker)

7. desember 2018 kl. 13:39

Frå 30 september 2018 har alle målingar av HbA1c blitt angitt i mmol/mol. Dette er ei beslutning frå Helsedirketoratets fagråd for diabetes.

Dette inneber at dagens "ideelle" 7 % blir 53 mmol/mol, medan 9 %-som blir rekna som eit vippepunkt mot betydeleg auka risiko for utvikling av komplikasjonar-blir 75 %

Ein kan finne omregningstabell i diabetsleksikonet på diabetes.no